Heim

Skikompis

 

Snøskred og trygg ferdsel

SKIKOMPIS er boka som viser deg korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet.

Lær deg å forstå terrenget, snøen og vêret, slik at du unngår farlege situasjonar.

Boka gir også rettleiing i effektiv kameratredning, om uhellet er ute. Den fortel òg korleis du skal forstå og nytte skredvarsel.. Les meir

 

Kjøp boka i friluftsrådet sin nettbutikk. Fri frakt: Skikompis i nettbutikk

Om Selja Forlag AS

 

Selja Forlag har sidan starten i 1996 gitt ut over 180 bøker. Alle med forankring på Vestlandet. Den første boka handla om klosterøya Selja, som i tidlegare tider var eit viktig senter på Vestlandskysten, og i nyare tid gav forlaget namn. Selja Forlag prøver å famne om heile Vestlandet og har ein klar nynorsk- og sakprosaprofil.

 

Selja gir ut mellom anna "Opptur"-bøkene

www.selja.no

 

Friluftsrådet for Ålesund og omland

Boka Skikompis er utgitt av Friluftsrådet for Ålesund og omland. Friluftsrådet har sidan boka kom ut skifta namn til Sunnmøre friluftsråd. Og er eit aktivt friluftsråd for 13 medlemskommunar i Ålesundsregionen.

 

Friluftsrådet driv med drift og forvaltning av friluftsområder, kurs og opplæring, førebygging av ulykker i friluftsliv, utlåning av utstyr, samt bistår medlemskommunane med råd i plansaker om friluftsliv

www.friluftsraadet.no

Selja forlag

Copyright © All Rights Reserved.